Tøff i badedrakt

Arrangementsinformasjon

Musikal-i-teten 2018 er stolte av å presentere Iselin Doret Brandt Bestvold som artist under årets festival. 

“Tøff i badedrakt” er ei monologframsyning som har som formål å belyse dagens kroppspress og mediapress. Framsyninga inneheld sjølvskrivne tekstar, men også nokre få monologar av andre forfattarar. Tekstane handlar om private historier som overvektig, om det å bli skodespelar og om kvinner som objekt for menn. Iselin ynskjer å oppnå ei større oppfatning hos ungdom rundt dagens kroppspress. At dei skal bli meir bevisst på kor mykje ein blir påverka av det. Korleis kan vi unngå presset? 


Av og med: Iselin Doret Brandt Bestvold

Regi: Monica Borg Fure 

Varighet: Ca 45 min. (utan pause) 

Foto: Monica Borg Fure


Arrangør: 

Musikal-i-teten er nordens einaste musikkteaterfestival og vert arrangert ved Sentralen 12.-14. november. Årets festival har tema «Eit lite stykke» og er ei samling av små stykker musikkteater som representerer ulike uttrykk for det å vere norsk.

For meir info gå inn på www.musikaliteten.no

teater
monolog
kroppspress
sentralen
skuespiller
musikaliteten
musikal-i-teten